Om studiet

Oppstart

22. august 2013 var det offisiell opning med blant anna fylkesordførar, ordførar og leiinga frå Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane til stades. Rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, sto for den offisielle opninga. – Det er med stoltheit eg kan ønskje velkommen til studentbyen Florø, sa ordførar Bengt Solheim Olsen i si tale. Kommunen har gjort det dei kan for å legge til rette for dei nye studentane, blant anna er det laga i stand eit hybelhus med 26 hyblar som studiet disponerer.

Dei tre pilarane

Det er tre viktige pilarar som må vere på plass for at etableringa av studiet skal bli ein suksess.

God fagleg kvalitet i studiet er avgjerande. Kombinasjonen røynde lærarar frå begge høgskulane og lærekrefter frå lokalt/regionalt næringsliv, gjev ei god kombinasjon. Tilgangen på lærekrefter frå marknaden sikrar at det elevane lærer er noko ein etterspør. Dei røynde pedagogane frå høgskulane sikrar fagleg og pedagogisk kvalitet. Utdanningstilbodet er identisk med det som blir gjeve på tilsvarande linje på Straume utanfor Bergen. Studentane i Florø følgjer same progresjon

 

ENDELEG HØGSKULETILBOD I FLORØ!

Etter nærare 50 år med venting, og gjentekne skuffelsar over høgskuletilbod som vart lagt til andre stadar enn Florø, kunne vi hausten 2013 endeleg ønskje velkommen det første kullet med heiltids høgskulestudentar! 22. august 2013 var det offisiell opning av det nye studiet. Ein merkedag i byens 150-årige historie. No, vel to år seinare, er det over 80 studentar på Campus Florø!

 

Tekst: Øyvind Østrem,

Studiekoordinator

 

Det var under den årlege oljemessa ”Vekst i Vest” i oktober 2011, at ideen om ei linje for undervassteknologi kom opp. Bakteppet var problem med rekruttering til bransjen. For å avhjelpe problemet forsto næringa at dei måtte vere med å bidra sjølve, om ein skulle klare å sikre rekrutteringa på sikt. Den lokale industriinkubatoren, Fram Flora, gjekk saman med Folkeuniversitetet Vestlandet i gang med arbeidet for å få etablert studiet. På rekordtid vart det reist 11 millionar frå lokale, regionale og nasjonale aktørar. I tillegg garanterte aktuelle bedrifter i Sogn og Fjordane for praksisplass til studentane. Det at studentane kunne få relevant praksis, var ein føresetnad for etableringa av studiet. Etter kvart blei det reist ytterlegare 7 millionar for å sikre kull 2 og 3. Gleda var stor hausten 2015 då det vart kjent at studiet fekk tildelt 24 øyremerka studieplassar over revidert nasjonaltbudsjett.

 

Fjord Base, Florø, Foto: Roald Leivestad

 

Unikt samarbeid

Under prosjektering av utdanninga vart både Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen kontakta. Dei stilte seg begge positive til satsinga, og det vart avtalt at Høgskolen i Bergen som skulle vere institusjonen som sto ansvarleg for satsinga, dette primært fordi dei hadde tilsvarande linje på Straume utanfor Bergen. Dette er ei linje som på kort tid har blitt den mest populære ingeniørutdanninga i landet! Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde ingen problem med at ein annan høgskule kom inn i deira ”territorium”, og ville sjølv vere med på satsinga gjennom å stille med betydelege lærekrefter til studiet. Lokalt vart det mobilisert lærekrefter gjennom å hente inn ingeniørar/sivilingeniørar frå det private næringslivet. Gjennom tett og godt samarbeid instansane mellom, blei kabalen rundt lærekrefter lagt.

Offisiell opning. Foto: Nina Samnøy

 

Frå hybelhuset. Foto: Øyvind Østrem

 

Rekruttering

No går det tre kull i Florø. Vi har 29 studentar som skal skrive bacheloroppgåve til våren, og er venta ferdig utdanna i mai 2016. I andre klasse har vi 38 studentar, medan vi i første klasse bare er 13 studentar. Nedgangstider i oljebransjen har påverka negativt på søknaden det siste året. Det er synd, for vi veit at det er mykje arbeid som skal gjerast med subseateknologi i åra som kjem. I Nordsjøen har vi verdas største konsentrasjon av subseainstallasjonar, installasjonar no er modne for vedlikehald. Ikkje bare vil det vere mogeleg å jobbe innan pertoleumssektoren, men i aktivitetar som føregår i havrommet generelt. Det er venta at havrommet blir det store nye stasingsområdet i åra som kjem.

Foto: Øyvind Østrem

 

Vi er tilgjengelig på mail:

post@infundo.no

eller våre lokaler:

Magnus Thingnes gt, 6900 Florø

2018 In Fundo