Bachelortur 2016

Reisebrev - Studietur til Orknøyane våren 2016

Siste veka i mai reiste Runar, Steffen og Øyvind – som alle går i tredje klasse på Undervannsteknologi i Florø – på tur til Orknøyane lengst nord i Skottland. Turen var ein studietur i forbindelse med at dei i disse dager skriv bacheloroppgåve om tidevasskraft. Turen hadde høg fagleg kvalitet og var svært lærerik, og det var også tid til å oppleve andre ting som Orknøyane har å by på.

Turen var finansiert som eit spleiselag mellom Sogn Industri, GCE Subsea, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Bergen, linjeforeininga Infundo og Sparebanken Vest.

Reisefølget talde totalt 16 personar og hadde følgande samansetning:

 

•Tomas Eikelid, dagleg leiarSogn Industri

•Trond Strømgren, Subsea InnovatorGCE Subsea

•Nikolay Hroulev, ingeniørNeo Turbine

•Navn på foreleser, førelesarHiSF, avd Førde

•3 studentar frå AutomasjonHiSF, avd Førde

•2 studentar frå ElkraftHiSF avd Førde

•2 studentar frå Fornybar energiHiSF avd Sogndal

•2 studentar frå produksjonsteknikkHiB, avd Bergen

•3 studentar frå UndervannsteknologiHiB, avd Florø

 

Vi reiste frå Florø med bil, og tok fly til Orknøyane frå Bergen, via London og Edinburgh. Vel framme i Kirkwall, den største byen på hovedøya, sjekka vi inn på Kirkwall Hotel, eit koselig lite hotell på havnepromenaden. Etter ein lang dag på reis var det deilig å legge seg i påvente av fagleg påfyll neste dag.

Torsdag var programmet tettpakka med forskjellige bedriftsbesøk, og vi starta hos EMEC – European Marine Energy Center – klokka 10:00. Matthew Finn, Senior Business Development Manager, fortalde oss at EMEC er eit internasjonalt testsenter for ny teknologi innan tidevannskraft og bølgekraft. Dei har sidan oppstarten i 2003 opparbeidd seg høg kompetanse og ekspertise, og er i dag verdsleiande når det kjem til forskning og utvikling på marin fornybar energi. Etter bedriftspresentasjonen blei vi tatt med til eit av testanlegga deira for bølgekraft. Her kunne vi sjå forskjellige innretningar ligge ute i havet til testing, medan guiden vår fortalde om dei ulike konsepta.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mathew Finn, EMEC

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Omvisning på testlokasjon for bølgekraft

 

Då vi kom tilbake til EMEC fekk vi bedriftspresentasjon frå tre andre firma som jobbar innan bransjen. Leask Marine er et konsulentselskap som leverer dykker- og krantjenester, og får ofte jobben med å installere anleggene som skal testast hos EMEC. De fortalte blant anna at kostnader med store skip til installasjon av eit tidevanns- eller bølgekraftanlegg er enorme og ei stor utfordring i mange prosjekt, så mindre og lettare konstruksjonar kan være ein stor fordel i framtida.

Aquatera og Xodus Group presenterte seg også, to forskjellige firma som begge leverer ingeniørtjenester til både Olje- og gassnæringa og til næring innan fornybar energi. Dei var begge klokkeklare på at ein nøkkelfaktor for å lukkast med marin fornybar energi, er vedlikeholdsvennlighet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Reisefølget samla til lunsj på Julia's Café

 

Etter nokre timar åt vi lunsj på Julia’s Café i havna i Stromnes. Her fekk vi deilige lunsjrettar, blant anna lokal fiskegrateng med hyse, som var veldig god.

Etter lunsj var det tid for å besøke Heriot Watt University sin campus i Stromnes. Herriot Watt er et tradisjonsrikt og prestisjetungt universitet basert i Edinburgh, og vart stifta i 1821 som verdas første mekanikkinstitutt. I dag har universitetet kurs innan dei fleste disiplinar, og har avdelingar både i Malaysia, Kuala Lumpur og Dubai. Dei har sjølvsagt også ei avdeling for fornybar energi i Stromnes på Orknøyane, verdenssetet for teknologi og utvikling innan dette feltet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Presentasjon av Herriot Watt sin campus for fornybar energi

 

Vi fekk ein fyldig presentasjon om instituttet og kva studentane her jobbar med. Dei har berre master- og doktorgradstudentar her, og dei fleste jobbar med avanserte matematiske modellar for til dømes å beregne energimengda i ein gitt tidevasstraum. Dr. Sandy Kerr, førelesar ved skulen, poengterte at Orknøyane og Stromnes er i førarsetet når det kjem til forskning og utvikling på tidevatn og bølgekraft. Vi blei også gjort oppmerksomme på at vi har alle muligheter til å ta mastergrad i fornybar energi her etter endt studie i Undervannsteknologi.

Siste post på det faglege programmet var bedriftsbesøk hos Sustainable Marine Energy LTD. Her fekk vi omvisning av to mekanikarar, og dei viste oss to spennande maskiner. Den eine var ei state-of-the-art nyoppfunnen Subsea boremaskin, som dei skal bruke til å bore ned forankring til tidevannskraftanlegg. Kanskje endå meir spennande var ein 18 tonn tung doning med to turbinar, som kan produsere 400 kW energi. Eit flytande nedsenkbart kraftverk til bruk i tidevasstraumar. Enheten skal snart i sjøen, og storebroren med ein kapasitet på 1 MW er allereie på tegnebrettet. Her fekk vi altså både «se og røre» ting vi tidlegare berre har sett bilder av på internett og lese om. Dette var stor stas.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Studentane følger spent med på video av boreriggen i aksjon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Heile gjengen samla foran Sustainable Marine Energy LTD sin "Platoo"

 

Tilbake på hotellet heldt Trond Strømgren ein presentasjon av Meygen, eit stort tidevannskraftprosjekt som skal installerast i Pentland Firth, allereie denne sommaren. Deretter fortalte Nikolay Hroulev om si oppfinnning Neo Turbine, ein ny og revolusjonerande tidavannsturbin. Om kvelden åt vi på ein italiensk restaurant. Førsteklasses pizza!

Fredag hadde vi fri til å gjere det vi ville, og vi vart einige om å leige taxi til alle og ta ein kjøretur rundt på øya i det flotte været. Vi var visst nok veldig heldige med været denne veka, det var sol og fint vær omtrent heile tida vi var der. Før taxien henta oss, hadde vi sett av to timar til omvisning og smaking hos Highland Park, verdas nordlegaste Whisky-destilleri. Her lagar dei kanskje den beste whisky i verda, og dei brukar fortsatt dei same metodane som dei har brukt sidan 1798. Det var interessant å bli guida gjennom den svært nøye og tidkrevande prosessen, og å få lukte og smake på

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Morten (HiSF) luktar på ein Her blir Whiskyen lagra. I årevis.

Sherrytønne

 

det flotte produktet. Den absolutt minste tida det tar å lage eit parti whisky – altså tida frå treet til tønna vert felt til whiskyen er komen på flaske, er noko sånt som 7 år. Vi fekk blant anna smake på 12-year-old og 18-year-old.

Då taxien kom for å hente oss, kjørte til Yesnaby på vestkysten av øya, mest kjent for sine spektakulære sjøklipper av raud sandstein frå Devontida, men óg som ein av dei få plassane Primula Scotica – ein skotsk plante – kan vekse. Landskapet var majestetisk og vakkert. Vi gjekk ut på klippene og kunne sjå korleis dei enorme kreftene i havet kom brasande inn mot klippene langt der nede. Det er jo nettopp disse kreftene, og idéen om å utnytte dei til energiuthenting, som er årsaken til turen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Steffen på ei av klippene i Yesnaby

 

På heimturen tok vi likegodt eit sidesprang innom Orkney Brewery for dagens andre prøvesmaking. Det var ikkje lenge til stengetid, så omvisning måtte utgå, men vi fekk smakt på tre gode handverksøl med lange tradisjonar frå øya, som har vore bebudd i over 5000 år.

Fredags kveld var vi samla til middag på ein indisk restarant, som serverte kjempegod mat. Vi koste oss vel og lenge her, før vi gjekk vidare og fikk ein smak av Kirkwall sitt uteliv vår siste kveld på øya.

Oppsummering:

Studieturen har vore heilt fantastisk, både fagleg og sosialt. Vi har fått nyttig kunnskap om dei ulike utfordringane denne industrien står ovanfor, politiske så vel som tekniske. Vi har knytta kontakt med bedrifter og personar som vi kan nytte oss av vidare i oppgåva vår. Vi har fått opna auga våre meir for mulighetene som ligg i havet, og ikkje minst har vi vist skottane at det også fins folk i Noreg som vil ta del i ei satsing på dette spanande området.

Til slutt vil vi atter ein gong takke dei finansielle sponsorane som gjorde turen mogleg:

•Sogn Industri

•GCE Subsea

•Sparebanken Vest

•Linjeforeninga Infundo

•Høgskolen i Bergen

•Høgskulen i Sogn og Fjordane

 

 

Takk for ein fantastisk tur!

 

Runar, Steffen og Øyvind.